21.06.2011 01:49
Postet av Eivind Bjaaland / Heroes of Telemark

...Bjelles Blogg
Tour de France, ei innføring...

(Nordens Paris) Tour de France er verdas desidert største årlege idrettsarrangement. Eit fantastisk sykkelritt, men og ein folkefest utan sidestykke. Ein må faktisk oppleve det for å forstå kor stort det er, noko eg har vore så heldig å få gjort 4 gonger.

Historie

Ein sein haustkveld i Frankrike i 1902 møttes to sykkelfans, Henri Desgrange og Geo Lefevre. Desgrange var redaktør og Lefevre journalist i sportsavisa L`Auto. Avisa sleit med å selge nok utgåver, og saman kom dei på ideen om å arrangere eit  sykkelritt rundt  Frankrike for å auke salgstala. Som sagt, så gjort, dermed såg Tour de France dagens lys i juli 1903.

Den fyrste utgåva av rittet var fordelt på seks etapper over totalt 2428 km. Lengste etappe var frå Paris til Lyon og var på voksne 467 km. Den fyrste vinnaren av Tour de France var Maurice Garin, han vant med ein margin på 2 timar og 49 min.

Dagens konkurranseform

Idag er det ASO (Amaury Sport Organisation), eigar av avisa L`Equipe, som driftar rittet. Dei vel ut ca 20 ProTour-lag og 2-3 kontinentallag som får stille til start.

Rittet består av 21 etapper og dekker ein distanse på ca 3500 km før målgang på Champs Elysees i Paris, noko som har vore tradisjon sidan 1975.

Rittet startar som regel med ein prolog, ei kort innleiande tempoliknande etappe. Deretter går det slag i slag med sprint, tempo, fjelletapper og nokon gonger lagtempo.

Trøyer og konkurransar

Gul trøye (Maillot jaune):
- Samanlagttrøya. Den ryttaren som til einkvar tid leiar rittet tidsmessig.

Grønn trøye (Maillot vert):
- Sprinttrøya. Den som har samla flest poeng på innlagte spurtar og målgangar.

Raudprikka trøye (Mailott a pois):
- Klatretrøya. Den som har samla flest klatrepoeng fordelt på kategoriserte stigningar undervegs.

Kvit trøye (Maillot blanc):
- Ungdomstrøya. Den best plasserte ryttaren samanlagt som ikkje er fylt 25 år 1.januar det året rittet arrangeras.

Rødt startnr:
- Mest offensive rytter på etappa dagen før. Går ofte til ein som har sitte lenge i brudd

Gult startnr:
- Beste lag samanlagt basert på lagets 3 første rytterar imål

Startnr med 1-tall til slutt (f.eks. 121):
- Lagets kaptein, som regel ein samanlagtrytter resten av laget køyrer for

Tidsgrense:
Ein ryttar diskvalifiseras frå å delta vidare dersom han ikkje kjem imål innan ein viss tidsfrist etter vinnaren av etappa. Avstanden bereknas ut ifrå kor fort etappa går og kor mykje stigningar den innheld.

Reglane for dette er noko kompliserte men ikkje absolutte. Arrangøren kan velge å gje dispensasjon frå desse dersom noko uforutsett skulle skje (ulykker, brudd der hovudfeltet kjem inn etter tidsfristen etc)

Statistikk and facts

  1. Lengste utgåve: 5745 km i 1926
  2. Høgaste snittfart: 40,28 - Lance Armstrong 1999
  3. Flest gule trøyer: 7 - Lance Armstrong, USA (bildet under)
  4. Flest klatretrøyer: 7 - Richard Virenque, Frankrike
  5. Flest sprinttrøyer: 6 - Erik Zabel, Tyskland
  6. Flest etappeseierar: 34 - Eddy Merckx, Belgia (bildet over)
  7. Flest dagar i gul trøye: 111 - Eddy merckx, Belgia
  8. Flest sisteplassar: 3 - Wim Vansevenant, Belgia
  9. Flest deltakelsar: 16 - Joop Zoetemelk, Nederland
  10. Flest deltakelsar uten å fullføre: 13 - Jan Kirsipuu, Estland
  11. Samanlagtvinnar uten etappeseier: 1 - Greg Lemond, USA, 1990

12 nordmenn har deltatt i Tour de France.

Thor Hushovd har vore med 10 gonger, vunne 8 etapper, hatt 3 dagar i gul trøye og vunne sprinttrøya 2 gonger. Andre norske etappevinnerar er Dag Otto Lauritzen og Kurt Asle Arvesen.

Den best plasseringa til ein nordmann samanlagt er Jostein Willmann med sin 14.plass i 1980.

Ord og uttrykk

  1. Tete de course - leder av etappen
  2. Poursouivants - forfølgerar til brudd
  3. Peleton - hovudfeltet
  4. Lanterne rouge - sistemann i samandraget
  5. Roleur - god allrounder
  6. Domestique - hjelperytter
  7. Grand depart - startstad for touren
  8. La caravane publicitaire - reklamekaravanen som passerer ca 2 timar før rytterane kjem
  9. Grupetto (eller autobus) - er ei betegnelse for eí gruppe syklistar som fell av hovudfeltet og saman kjempar om å kome i mål innan tidsfristen

Årets utgåve

Tour de France 2011 går over 3430,5 km fordelt på 21 etapper. Grand depart er i Vendee laurdag 2. juli, målgang i Paris 24. juli. Rittet har 2 kviledagar.
Etappene er kategorisert til 10 flate, 6 fjell (4 av desse har målgang på eit fjell), 3 medium fjell, 1 tempo og 1 lagtempo.

Grand depart er i Vendee. I år er det 100 år sidan Galibier (2645 moh) var med i Touren for fyrste gong, dette markeras med å bestige fjellet 2 gonger iløpet av 24 timar. Alpe d`Huez, Col du Tourmalet, Col d`Aubisque og Luz-Ardiden (fjellet der Dag Otto Lauritzen vann si etappe) er andre kjente fjell som er med i årets utgåve.

Norsk deltaking får du gjennom Edvald Boasson Hagen (Team Sky procycling) og Thor Hushovd (Team Garmin-Cervelo).

Alt du ellers treng å vite om årets og tidlegare utgåver av touren finn du her:
www.letour.fr

God fornøyelse!