Velkommen til IL Tempo

 

ONSDAG 20. OKTOBER 2010

Tour de France-programmet for 2011 endelig klart:
BASECAMP BRIANCON: ALPENE, HERE WE COME

(Tromsø, nordens Paris) Haustens høgdepunkt var her igjen, den årlege TDF-presentasjonen vart gjennomført med brask og bram. Sørgeleg at ingen tv-kanalar kunne vie sendetid til dette, så d vart ufør-kaffe og live-stream på trygdepc`n i Navs Paris medan Sleikebrokk kvilte ut etter nattas uvisse strabaser. Heltane var fort enige om at dette blir eit spennande TDF som blir avgjort dei siste 4 etappene før målgang i Paris.

Som vanleg køyrer vi ein 2-splitt, ein sportsleg og ein sosial bit. Basecamp 1 blir Briancon, ein alpelandsby på grensa mot Italia. Briancon ligg på 1326 moh og har ca 12000 innbyggerar. Byen har vore start eller målgang for ei TDF-etappe heile 44 gonger.

Terrenget rundt innbyr til ein haug klatreetapper sidan Col du Galibier (2645moh), Col Agnel (2744moh), Col d`lzoard (2360), Col de montgenevre (1860moh), Col du Telegraphe (1566moh) og Alpe d`Huez (1850moh) er i sykkelavstand. I tillegg er Sestriere (2035moh) bare ein svipptur over grensa til Italia.

Vi vil og få moglegheiten til å fylgje 4 TdF-etapper live, dette blir sinnsykt!

Etter den sportslege biten blir det som vanleg eit gjensyn med rivieraen, Cannes, Baoli og Palais club. Her blir det nok mest tøys og fjas sidan vi bare har ei gjeldande etappe, det årlege høgdepunktet opp Lance si treningsløype Col de Madone .

Meir detaljert reiserute blir lagt ut seinare, come back for it!

Live hard - die strong!